Om oss

Nettbutikk:
Ballettshop.no har nå kun nettbutikk.  

Nettbestillingar/sending:
Nytt av året, 2023, er at me postar og sender bestillingar mandag og torsdag. Om det hastar, og du treng at bestillinga vert sendt før, skriv oss ein e-post om dette. 
Det vil ikkje lengre vera mulig å henta i butikk, men bur ein i området leirvik/heiane/sagvåg, kan du få bestilling levert i postkassa di, for kr 29,-. 

Betalingsalternativ:
Ved handel i nettbutikken kan du bruka Klarna eller Vipps. 

Produkt:
Per i dag, har me hovudfokus på ballett og jazzdans. Lagervare er ballettsko i skinn, canvas, jazzsko, sneakers og karaktersko. Me har også eit breidt utval av dansedraktar, tightsar, hot pants, skjørt og diverse tilbehør. Dette vil variere, alt etter kva som er på marknaden til kvar ei tid.
Er du eller gruppa di på jakt etter noko spesielt, er det berre å ta kontakt. Me strekk oss til det ytterste for å kunna få tak i det kundane treng, så lenge det er lagervare hos leverandør(ane)våre. Gjer merksam på at dette kan ta noko tid.

Gjer merksam på at tåspiss-sko / pointe shoes vert kjøpte på eige ansvar. Høyr gjerne med danselærar før du tek dei i bruk, dersom du kjøper på nett.

Merker:
Her finn du produkt frå blandt anna, So Danca, Rumpf, Intermezzo, Dancelife, Danzainfiera.
Me ynskjer, så langt det let seg gjerast, å prioritera varer som er produsert i Europa, og vil i framtida vera bevisste på dette.

Frakt:
Her er to fraktalternativ.
Kr 49,-, då vert sendinga sendt som brev, utan sporing og forsikring.
Kr 99,-, då med sporing og forsikring (bring/posten). Me dekker ein del av totalkostnadane.
Pakkar som kjem i retur, som ikkje har blitt henta, vil bli belasta med eit eingonsbeløp på kr 350,- i tillegg til returporto. 

Retur/angrerett:
Retur/angrerett skal vera nytta innan 14 dagar, ta kontakt på mail for å få skjema tilsendt. Ikkje send i retur utan skjema. 
Kjøpar står sjølv for frakt for tilbakesending av produkt. 
Varne må vera i original emballasje og ikkje synleg brukte, for å få returen godkjend.

Bytte:
Ta kontakt per mail, slik at me får registrert ditt ønske, og evt. får lagt av ny str. Ballettshop sender ny vare fraktfritt.  

Eigar:
Det er Mobrep AS (org.nr 913307909) som eig Ballettshop.no, dirfor kan noko av informasjonen, som kvitteringar frå utsalsstaden ha namnet Mobrep AS som hovudfont.

Personvern:
Ballettshop.no treng kundeopplysingar for å kunna senda produkt til kunde. Dette gjeld bestillingar som er gjort over internett. Det me då treng er, namn, etternamn, adresse, poststad og postnummer, e-post og telefonnummer.

Dine kundeopplysningar vert ikkje vidareformidla til nokon andre, på noko vis. Me bruker ikkje «cookies».

Bestillingar gjor på internett, vert sletta etter 2 år. Ynskjer du at bestillinga di, med dine personopplysningar, vert sletta før. Ta kontakt med oss, så slettar me det. Du får ei stadfesting hos oss når dette er gjort.