Blogg

06. november 2018

Eg har vore litt på offansiven her, då eg har venta på å dela dette. Og no kan eg endeleg gjera det.

Ja, då var det endeleg i boks!
No kan du bruka Klarna når du handlar hos oss. Dette har eg venta på at skulle gå i orden ei stund, men no er det altså klart. Personleg veit eg kor avgjerande det er om ein nettbutikk tilbyr Klarna eller ei. Kanskje treng eg noko der og då, som økonomien ikkje er heilt samd med akkurat på dette tidspunktet. Kanskje vil eg vera sikker på at eg mottek varene før eg betalar. Eller i fleire tilfelle tenker eg at dersom ei bedrift har klarna, er den meir seriøs. Det er kanskje berre mine tankar, men dette er nokre av grunnane til at Klarna er komen som eit betalingsalternativ i nettbutikken vår.

Betal senere.

Handle med oss og betal senere med Klarna. Det er smoooth. Få varen først. Betal senere. Velg Betal senere med Klarna i kassen når du shopper med oss. Det er smoooth.

Få først. Betal senere med Klarna. Neste gang du shopper med oss kan du velge Betal senere med Klarna. Få varen først. Betal senere. Smoooth, eller hva?
Nå blir vi mer smoooth! Få varen først. Betal senere med Klarna.
Med Klarna får du varene dine først, og betaler etter levering. Ingen avgifter eller skulte vilkår. Velg Betal senere i kassen hver gang du handler med oss. Det er smoooth.
Betal etter levering med Klarna.
Hver gang du handler med oss kan du få varene dine først og betale etter levering. Ingen avgifter eller skulte vilkår. Betal bare for det du vil beholde. Velg Betal senere i kassen. Det er smoooth.
Få varen først. Betal senere med Klarna.
Hver gang du handler med oss kan du få varene dine først og betale etter levering. Ingen avgifter eller skulte vilkår. Betal bare for det du vil beholde. Velg Betal senere i kassen. Det er smoooth.

20. oktober 2018

Ballettshop.no

Kvifor ballettshop.no?
Namnet kan nok kanskje vera litt misvisande. Det er ikkje kun ballettklede me sel. Danseshop hadde kanskje vore meir dekkande då det er eit litt breiare omgrep, som omfamnar meir enn kun ballett. Me har inne jazzsko, sneakers, draktar og oppvarmingsoverdelar som vel så gjerne kan brukast til anna type dans.

Denne veka fekk eg til dømes inn turn/gymsko og turndraktar. Turnskoa er i nylon, og sit veldig godt på foten, i fylgje 5-åringen som har testa dei ut. Turndraktane er av ein litt anna style enn dei andre dranktane eg har på lager. Dei er i sterkare fargar og med litt meir «glitter og stas» på.

For ballettshop.no sin del, er det vel sant å seia at «vegen vert litt til mendan ein går». I byrjinga, var det primært ballett det gjekk i, på vår heimefront, som var grunnen til at eg starta denne butikken. Det er jo ofte slik at ein ser nye behov ettersom ein utvidar horisonten, noko som stemmer i dette tilfellet.

Her er lenka til dei nye turn/gymskoa. Per i dag har eg ikkje teke stilling til om desse vert ein del av sortimentet eg prøver å ha på lager til kvar ei tid. Det er etterspurnaden etter produkta som avgjere akkurat dette. Uansett, no har du mulighet å gjere eit bra kjøp på desse skoa.

https://www.ballettshop.no/product/turnsko-i-nylon/

 

Her er døme på ein trundrakt som kom denne veka, dette er ikkje lagervare, men om det skulle vera av interesse, ta kontakt, så finn eg raskt ut om den kan skaffast i størrelsen du treng.

 

12. oktober 2018

Då var vel tida komen for å oppdatere både nye, gamle og trufaste kundar litt om www.ballettshop.no
Tida me lev i no, gjere at me eigentleg kan velga kvar i verda me ynskjer handla, og dermed har me tilgong på så godt som «alt» me ynskjer.
Har du derimot nokon gong opplevd at det du bestiller, ikkje er akkurat det du trudde du bestilte? Det har eg, og det skjedde faktisk første gong eg bestilte ballettklede. Etter mangfaldige timar med research, kom eg i snakk med ein tilsynelatande truverdig person, som verekelg verka å ha pelilig på kva me snakka om. Det enda opp med at eg tok ei lita bestilling frå vedkomande, og glade er eg jammen meg for at denne bestillinga var lita. Skuffelsen var stor då eg mottok varene. Tankane kom, skal eg berre droppa dette, eller skal eg ta meg ein ny research-runde???? Det enda med ein ny runde, og det har eg ikkje angra på. Slik byrja www.ballettshop.no, nedanfor kan du lesa meir.

Opprinnelsen til Ballettshop.no

Personleg har eg aldri vore profesjonell dansar eller dansa på høgare nivå. Musikk, dans og drama var det naturlege valet for vidaregåande skule for meg, då eg alltid har vore glad i, spesielt dans, men også drama og musikk. Då vegen vidare skulle takast, vart det musikk, då eg måtte flytta til Akershus om eg ville vidare på dans. Sorgen var eigentleg stor då eg innsåg dette, men det var eit val eg tok og fekk to gjevande og lærerike år, vidare på musikklina.

Eg har alltid vore interessert i sport/idrett. Eg har svømt, gått på fotball og volleyball, men mest av treningstida mi har eg brukt på treningsstudio, då aller helst på gruppetimar der dans har vore eit sentralt element. Diverre var det ingen dansetilbod her på Stord, noko det heldigvis er i dag.

Med mykje trening, sjølv om det ikkje har vore dans direkte, veit eg innmari godt kor viktig det er med skikkeleg treningsutstyr. Ein får ikkje same opplevinga av timen, dersom ein ikkje har treningsklede som sit godt. Difor er eg oppteken av kvalitet. I byrjinga brukte eg mangfaldige timar på å finna ein leverandør som tilfredsstilte desse krava. Ærlighet varer lengst, og eg må innrømma at første leveranse var ein stor skuffelse. Dog, eg gav ikkje opp, og etter som eg brukte meir tid, prøvde ut ulike leverandørar, har eg etter kvart knyta kontakt med ulike leverandørar, som leverer ulike produkt. Etter å ha prøvd ut ulike produkt og kvalitetar, har eg heldigvis funne meg europeiske leverandørar. Dette er eit viktig fokus for framtida, at så lengt det let seg gjerast, er varene produsert i Europa.

I tillegg til å vera kvalitetsbevisst og vita at treningsklede må sitja godt, har eg eigne testpersonar. Grunnen til at eg starta ballettshop.no, var at dottera mi gjekk på ballett. Det var ei utfordring å få tak i ballettklede her på øya, og eg var heilt våt av sveitte etter å ha leita ein heil laurdag etter ei strømpebukse, sjølvsagt til førestilling dagen etter. No har denne dotera dansa i 10 år, og ho er «testjenta» på kvalitet og størrelsar. Eg har også ei som er på sitt tredje danseår, ho byrja då ho var 3 år, og er like kritisk til om kleda sit godt og er av ein tilfredsstillande kvalitet. Så sjølv om eg ikkje var så heldig at eg fekk tilfredsstilt danseiverne min, har eg no etterkomarar som gjere det.

Første steget av å opne ballettshop.no, var å ha eit lite utsal i ein liten krok av Mobrep.no, men då dette vart litt kummerleg, fekk eg eit lite lokale vegg i vegg med Mobrep. Då det var dags for nye lokaler for Mobrep, flytta Ballettshop.no og Mobrep i same lokaler. Det første året, delte me lokalet i to, med ein banner, slik at kundane ikkje kunne gå på Ballettshop.no anna enn når det var ope. Det var vel eigentleg ikkje det luraste me har gjort, så no er veggen flytta og Ballettshop.no og Mobrep er ein «2-in-1»butikk. Det vil seia at Ballettshop har some opningstider som Mobrep, og du kan koma, kikka og evt. prøva i prøverommet. Grunnen til at eg nevener Mobrep, er at det er den rettmessige eigaren av ballettshop.no.
Ja, så er det denne tida me lev i då, det gjekk ikkje an å ha ein butikk utan ein nettbutikk, difor fekk eg laga meg ei nettside, slik at ein kan nå ut til flerie kundar.